Ingen har så langt tatt ansvar for oppdrettsfiskane som er fanga i Åkrafjorden. Foto: Espen Mills/etnebilder.no
Ingen har så langt tatt ansvar for oppdrettsfiskane som er fanga i Åkrafjorden. Foto: Espen Mills/etnebilder.no

Etterlyser ansvar for rømming

Fiskeridirektoratet kritisk etter rømming.

To tilfelle av funn av oppdrettslaks, det eine i Åkrafjorden, får Fiskeridirektoratet til å retta peikefingeren mot næringa.

— Det er ikkje haldbart at det skjer rømmingar der oppdrettar ikkje tek ansvar for dette, og det er heller ikkje haldbart om slike rømmingar kan skje utan at oppdrettar veit om det, seier seksjonssjef Paul Jacob Helgesen i Fiskeridirektoratet region Vest.

Han forventar at dei som har løvye til å driva oppdrett har betre kontroll enn det som er tilfelle etter nylege hendingar.

Inga avklaring

Det er framleis ikkje kjent kvar laksen som vart fanga i Åkrafjorden i Hordaland for eit par veker sidan, kom i frå. 21 laksar blei tatt i eit overvakingsgarn. Heller ikkje rømminga i Hardangerfjorden noko tidlegare er endeleg avklara, skriv Fiskeridirektoratet på si heimesida.

Det er fiska med opp til sju garn i heile perioden etterpå ved lokaliteten i Åkrafjorden. Resultatet så langt er at det er tatt éin laks på ca fire kilo som kan ha samanheng med dei andre fiskane. Heller ikkje overvakingsgarn ved andre lokalitetar i fjorden har gitt resultat. Det vart frå Fylkesmannen opna for fiske med garn i fjorden etter rømt oppdrettslaks.

håper på at resultata kan gje gode svar

Etter det direktoratet er kjent med har dette resultert i fangst av fire laksar som kan sjåast i samanheng med denne saka. Vidare har Fiskeridirektoratet fått rapportert at det er tatt ein fisk i same storleik i ei kilenot i Etne.

Sporing

Fiskeridirektoratet region Vest mottok òg éi melding 12. august om mogleg rømt oppdrettsfisk i Hardanger, etter at det vart fanga liten laks i nærleiken av Ålvik.

Det vart raskt avklart at det dreia seg om rømt fisk. Status er framleis ukjent kjelde. Men det er gjennomført ein vellukka gjenfangst av ei tilstrekkeleg mengd rømt fisk til å kunna gjennomføre sporing av fisken, og på dette grunnlag vart det bestemt at det skulle samlast inn prøver frå potensielle kjelder.

Direktoratet opplyser at arbeidet er gjennomført og materialet og dokumentasjon i saka er levert vidare for analyse til Havforskingsinstituttet.

— Me har gjort det me kan for å undersøka denne saka så langt, og håper på at resultata kan gje gode svar. I desse to sakene veit me altså ikkje kvar fisken kjem frå, eller kva som er grunnen til at rømming har skjedd, skriv Fiskeridirektoratet.