Granberg kom i mål som nummer 43 av 147 syklistar til ei tid på 4 timar og 57 minutt. Ølensbuen seier seg nøgd med plasseringa, men innrømmer at han skulle ønskje at han hadde nådd enda litt høgare opp.
— Eg blei sett ut av matforgifting og magesjau fredag og i går, så forma har ikkje vore den beste. Magen sa klart i frå at noko hardkøyr berre var å gløyme så eg måtte starte roleg og jobbe meg inn i rittet. Dei to første timane låg eg langt bak, men derfrå klarte eg å køyre meg bra oppover fram til mål, seier han til Grannar.
LES MEIR I MÅNDAGSUTGÅVA AV GRANNAR