Elgen fotografert i lia aust for Olalihytta før det roleg vandra vidare.
Foto: Norvald Lønning
Elgen fotografert i lia aust for Olalihytta før det roleg vandra vidare. Foto: Norvald Lønning

Kongeleg besøk ved Olalia

Fleire turgåarar har møtt på sjølvaste skogens konge den siste tida.

Norvald Lønning tok dette bildet ved Olalia på sundag.

Elgen høyrer ikkje til i den lokale faunaen, men det hender at folk observerer det store her likevel. Sjeldnare er det at det staute klovdyret blir fanga inn i linsa på desse traktene.

— Me hadde tatt turen til Olalihytta i det fine vêret sundag då ein kar som såg eg hadde med kamera, kom bort til meg og gjorde meg merksam på motivet. Eg hadde ei god linse med meg og fekk fanga det inn frå eit par hundre meters avstand aust for hytta, fortel stordabuen Norvald Løyning til Grannar.

På streif

— Eit streifdyr, meiner Erling Lien, erfaren jeger og leiar i viltnemnda i Vindafjord.

Med unntak av løyve på éin elg i Fjæra/Rullestad, aust i Etne kommune, har det aldri vore jakta på skogens konge i Gannar-distriktet. Likevel skal ein ikkje lengre enn til Suldal for å finna ei elgstamme.

Lokalt er det dei siste åra observert elg i Etnefjellet, og enkeltstader i Vindafjord. På Bjoa forvilla eit dyr seg ned like på innmarka, ikkje langt frå eit gardstun på Hetland i februar i fjor. Også på Årvik i Vikebygd er det sett elg for ikkje så lenge sidan.

Sjeldan syn

— At elgen er sett ved Olalia overraskar meg ikkje. Det er ikkje meir enn ein månad sidan eg såg ferske spor etter elg som hadde kryssa  vegen ved Fjellstøl, fortel Erling Lien.

overraskar ikkje meg at det er elg  her

Han meiner det er snakk om eitt og anna streifdyr og ikkje ei stasjonær stamme. Lien hugsar attende til 1960-talet då det for første gong blei sett spor etter ein elgokse. Seinare er det også observert elgku med kalvar.

— Me veit dyret finst her, men observasjonar er relativt sjeldne, seier Lien som ikkje kjenner til at det er tatt bilde av dyret i området rundt Olalia.

Ingen grunn til uro

Det er spesielt i Telemark, på indre Austlandet og nordover at elgen held seg. I Trysil blei det i førre jaktsesong felt heile 923 dyr. i Heile Rogaland blei det felt 197 dyr og i Hordaland berre 96.

Ein elg under press, kan opptre truande, men Erling Lien ser ingen grunn til å ikkje gå tur til Olalia.

— Nei, folk kan ta det heilt med ro. Det er kjent at elgku med kalv kan gå til angrep, eller at dyret reagerer mot hund, men generelt er det ingen fare. Dyret tuslar av garde lenge før du er nær. Det er berre å koma seg ut i det vakre haustveret og nyta naturen, er rådet frå viltnemndleiaren i Vindafjord.