Etter nesten 20 minuttar jakt frå Vindafjord, via Tysvær, Sveio og Haugesund, kapitulerte bilføraren.
Forfølginga starta då ein patrulje frå Vindafjord lensmannskontor natt til måndag skulle kontrollera ein bil i Isvik. Men i staden for å stansa, gav mannen som var åleine i bilen, gass og fòr vestover. Patruljen frå Vindafjord la seg på hjul, samstundes som dei fekk assistanse frå politieiningar som plasserte seg på strategiske stader. Mannen bak rattet valte sjølv å stansa like føre ei spikermatta som politiet hadde lagt ut på Søre Våga, på grensa mellom Sveio og Haugesund,
Sjåføren, ein mann i 30-åra utan førarkort, er mistenkt for køyring i ruspåverka tilstand, bruk av narkotika og fleire brot på vegtrafikklova.
Mannen er ein tidlegare kjenning av politiet. Han er plassert i varetekt og vil bli avkøyrt måndag, opplyser operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt