Øver på brann

Mange har onsdag ettermiddag meldt frå om at det brenn i eit hus på Lunde i Ølensvåg, men ifølgje konstituert brannsjef i Vindafjord, Oddvar Krakk, er det berre snakk om ei kontrollert øving med industrivernet ved Westcon og Vindafjord brannvesen.

— Me hadde ei øving der me søkte etter personar med kald røyk før me sette fyr på huset rundt klokka 16.00, og no vil me halda på til huset har brunne ned, seier han.

Til saman 15 personar deltek i øvinga.