— Fleire bilar er involverte og fleire personar er skadde. Så langt er det ikkje meldt om alvorlege skadar, opplyser operasjonsleiar Reidar Gaupås i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Dei fire skadde er brakt til Haugesund sjukehus, men så langt er det ikkje meldt om alvorleg personskade.
Politiet fekk melding om ulukka klokka 11.40 i dag, og kollisjonane skjedde nær drivhusa ved Eikeland mellom Ølen og Knapphus. Ifølgje politiet skal ulukka ha skjedd i samband med at ein bil svinga av frå E134.
To bilar er i hovudsak involvert i ulukka, medan ein tredje skal ha blitt påkøyrd som følgje av kollisjonen mellom dei to andre bilane.
Politi, ambulanse og brannvesen rykte ut til ulukka, og no er den eine køyrebana rydda, og det er ikkje meldt om kø ved ulukkespunktet.