Det er tysdag kveld sett i verk søk med Røde Kors-mannskap i nærområdet til der den sakna bur, opplyser operasjonsleiar Håkon Tornes ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Haugaland og Sunhordland politidistrikt gjekk tidlegare tysdag ut med etterlysning av Feliksas Lokomskis (27). Han blei sist sett onsdag i førre veke på Fatland slakteri i Ølen, der han jobbar.
27-åringen er litauisk statsborgar, og bur saman med sin bror, rundt to kilometer frå Ølen sentrum i retning Dreganes.
Politiet har også valt å offentleggjera foto av den sakna i eit forsøk på å finna han. Feliksas Lokomskis er ca 185 cm, slank/rak og har kort/glatt middels mørkt hår.
Då han sist blei sett hadde han på seg svart hettegenser med påskrifta «Dark» på brystet. Han gjekk i mørk bukse og mørke jogge-/fritidsko.
27-åringen snakkar ikkje norsk og svært lite engelsk.
Politiet ønskjer tilbakemelding frå publikum på eventuelle observasjonar frå onsdag 26. september til telefonnummer 02800.