Politiet fekk melding om utforkøyringa på E134 om lag 2,5 kilometer aust for Ølen sentrum klokka 11.59 måndag føremiddag. Ein finsk trailer som var på veg vestover hadde då køyrt av vegen ved Juvelva, og lastebilen, ei trekkvogn med hengar, låg på taket ute i elva. Ein halvtime seinare kunne operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplysa at føraren var ute av bilen og framstod som uskadd. Han vart likevel teken hand om av helsepersonell.
— Traileren har store materielle skader, opplyser Friberg.
Sperra vegen
Politi, brannvesen og ambulanse er på staden, og trafikken stod ei stund stilt på grunn av utrykkingskøyretøy som sperra vegen.
Politiet var på staden og dirigerte trafikken.
Klokka 12.43 melder politiet at begge køyrefelta er opne.
Grannar får opplyst på staden at utforkøyringa skjedde etter at den finske traileren møtte ein annan finsk trailer på den smale strekninga.