Brørne til sakna Feliksas Lokomskis, Linus (frå venstre) og Stasys, skjønar ikkje korleis bror deira kan ha forsvunne. Her saman med sjefen deira, Darius Dimsa, frå firmaet UAB «Norveglit» Litauen.
Foto: Elin B. Øvrebø
Brørne til sakna Feliksas Lokomskis, Linus (frå venstre) og Stasys, skjønar ikkje korleis bror deira kan ha forsvunne. Her saman med sjefen deira, Darius Dimsa, frå firmaet UAB «Norveglit» Litauen. Foto: Elin B. Øvrebø

Ventar i uvisse på svar

To veker etter at Feliksas Lokomskis (27) forsvann, står familie, arbeidskollegaer og politi framleis utan eit einaste spor.

Feliksas var akkurat starta på den tredje perioden som arbeidar på slakteriet i Ølen i løpet av eitt år saman med dei to brørne sine, Stasys (31) og Linus (33). Dei synest det er tungt at broren framleis er sakna.

Grannar møter brørne på ein arbeidsplass som er sterkt prega av forsvinninga.

Dette bildet av sakna Feliksas Lokomskis har politiet gått ut med.

— Det er både trist og rart. Han har aldri forsvunne på denne måten tidlegare, seier brørne og er usikre på om dei nokon gong vil sjå Feliksas igjen.

Dei tre har jobba saman på Fatland gjennom den litauiske underleverandøren UAB «Norveglit» Litauen. Til saman jobbar det rundt 80 litauarar for tida ved slakteriet.

Nytt søk

Siste sikre registrering av 27-åringen skjedde via overvakingskameraet på arbeidsplassen då han stempla ut etter ferdig arbeidsøkt klokka 13.30 onsdag 26. september. Etter planen skulle han på jobb igjen allereie dagen etter, men han dukka aldri opp. Feliksas hadde verken med seg pass, bankkort, lommebok eller mobil. Mannen pratar ikkje norsk og berre litt engelsk.

Seks dagar etter at han forsvann, vart Feliksas aktivt etterlyst av politiet via media. Søk med mannskap frå Røde Kors blei tysdag kveld i førre veke gjort i nærområdet til der han bur saman med Linus på Dreganes, to kilometer frå Ølen sentrum. Politiet har bede om tips, men har mottatt berre nokre få. No får politiet hjelp frå Kripos med å sjekke ut forholda på heimplassen i Litauen, og innsyn i mannen sin bankkonto, for å sjekke om det har vore noko rørsle der. Førstkommande laurdag skal politiet gjere omfattande søk både i og omkring Ølsfjorden, ved hjelp av Røde Kors, Norsk Folkehjelp og fleire politihundar.

Lensmann Ingvar Gjærde avviser at saka ville ha fått meir merksemd frå politiet dersom det var ein norsk statsborgar som var sakna.

— Nei, det er ikkje forskjell. Vedkomande er meldt sakna og etterlyst på vanleg måte, seier lensmannen.

Einsleg

Det er brørne sjølv som held familien i Litauen informert om saka.

— Dei reagerer med sorg og håper at Feliksas snart dukkar opp igjen, seier Darius Dimsa, formann ved UAB «Norveglit» Litauen, som tolkar på vegner av brørne som ikkje pratar engelsk.

Dimsa understrekar overfor Grannar at han er førebudd på å reise til Litauen for å snakke med familien dersom om brørne ber han om det.

Ifølgje brørne er Feliksas einsleg og har førebels ikkje stifta familie i heimlandet. Trass det store litauiske miljøet i Ølen, skal ikkje Feliksas hatt interesse å vere med sine landsmenn. På fritida i Noreg har han berre vore saman med brørne sine eller vore for seg sjølv. Blant anna skal han ha vore ein ivrig fiskar i strandsona på Dreganes.

Tillitsvald Arild Flesjå fortel at den mystiske forsvinninga pregar arbeidsplassen.

— Det er inga tvil om at forsvinninga går inn på oss alle. Dei tilsette snakkar mykje om det og synest det er ekkelt å ikkje vite kva som har skjedd med Feliksas, fortel han.

Var nervøs

Arbeidsleiar Åge Eikesdal på grovstykking, der både Feliksas og Stasys jobbar, har tenkt mykje på at Feliksas ikkje oppførte seg som han bruka gjere den dagen han forsvann.

usikre på om me nokon gong vil sjå Feliksas igjen

— Han bad om å få slutte tidlegare og fekk fri den siste timen fordi me eigentleg var ferdige med arbeidet uansett. Eg tenkte ikkje meir over det enn at han sikkert trong litt ekstra kvile etter å ha nettopp vore heime i Litauen. Det er ikkje uvanleg at dei er litt slitne etter mykje festing der, seier han og legg til;

— Men eg merka meg at han var veldig nervøs og spent denne dagen. Elles plar han vere smilande og i godt humør, fortel arbeidsleiaren, som meldte frå om forsvinninga til politiet fredag føremiddag den 28. september.

— Me reagerte på at han ikkje møtte opp til jobb torsdag. Han er påliteleg og plar ikkje vere borte. Fredag fekk me høyre om at ein person var blitt påkøyrt like i nærleiken, og då kontakta eg politiet for å høyre om det var Feliksas. Men det var det ikkje, og då meldte me han sakna.

Nøgde

Representantane frå Fatland vil likevel presisere at dei er nøgde med politiet si innsats i saka.

— Frå den dagen me meldte han sakna har me prata med politiet kvar einaste dag. Dei kan ikkje gjere meir enn dei allereie gjer sidan dei ikkje har meir å gå på. Det er som å leite etter ein nål i ein høystakk, har politiet sagt til oss, seier Flesjå.