I løpet av oktober blei det 600 færre arbeidsledige i landet, viser sesongjusterte tal som NAV offentleggjorde i dag. Arbeidsløysa er nå på berre 2,3 prosent.
— Denne hausten har me hatt ein svak nedgang i ledigheita. Samtidig ser me at det blir lyst ut færre ledige stillingar, noko som kan tyda på at etterspørselen etter arbeidskraft har gått litt ned, seier arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad.
Ved utgangen av oktober var det registrert 60.800 heilt ledige hos NAV. Det er 4 prosent færre enn på same tid i fjor.
Lokal nedgang
Også lokalt er utviklinga i arbeidsmarknaden positiv. Vindafjord har fått 15 færre ledige i løpet av oktober. Tala viser at 63 nå er ledige, noko som gir ei arbeidsløyse på 1,4 prosent.
Rogaland har 257 færre ledige i månaden. 3.880 er utan arbeid, som utgjer 1,6 prosent av arbeidsstyrken.
I Etne kommune er arbeidsløysa nå nede i 1,0 prosent, som er det lågaste på lenge. 0tte færre ledige i oktober betyr at det er registrert 20 utan arbeid ved utgangen av månaden.
Også Hordaland fylke har nedgang i arbeidsløysa. 4.775 står registrerte utan arbeid, og det utgjer 1,8 prosent.