Styret i Vinmonopolet vedtok torsdag å opna sju nye butikkar. Vinmonopolet ønskjer å opna desse butikkane i 2013, på vilkår at dei finn eigna lokale i den enkelte kommune.
Vinmonopolet har vore opptatt av å sikra geografisk spreiing og å prioritera kommunar som ikkje har Vinmonopol, skriv polet på si heimeside.
Dei sju nye butikkane vil bli lokalisert i:
Ask i Gjerdrum i Akershus
Bagn i Sør-Aurdal i Oppland
Andebu i Andebu i Vestfold
Kvinesdal i Kvinesdal i Vest-Agder
Nærbø i Hå i Rogaland
Etne i Etne kommune i Hordaland
Botngård i Bjugn i Sør-Trøndelag
Store og små
— Me ønskjer å opna ein god miks av små og mellomstore butikkar neste år. Dei fleste kjem i små distriktskommunar, og vil ytterlegare betra tilgangen til Vinmonopolet i distrikta. Felles for alle nyetableringane er at dei har eit solid marknadsgrunnlag, seier administrerande direktør Kai G. Henriksen.
— Etablering av butikkar i nye kommunar er basert på ei samla vurdering av geografisk dekning på landsbasis, og kravet til lønnsam drift av våre butikkar. Dei viktigaste enkeltkriteria som er lagt til grunn for etableringane er:
Detaljhandel i kommunen
Handel, butikkmiks og aktivitetsnivå i kommunens største tettstad
Befolkningsgrunnlag og busetjingsmønster i kommunen
Nærleik til en eksisterande Vinmonopol-butikk
At nyetableringa dekker sine egne kostnader
Små stader
Vinmonopolet opplyser at leire av etableringane er lagt til ganske små kommunar med rundt 3.000 – 4 000 innbyggarar, som Etne. Felles for desse er status som handlesentrum, betydelig turisme eller nærleik til hovudfartsåre. Handelen på desse stadene omfattar minst to matbutikker, apotek, sport, jernvare, fargehandel, elektronisk handel, klesbutikkar, kiosk, frisør og kafé.
Ved utgangen av 2013 vil Vinmonopolet ha 290 butikkar. Med dette vil 89 prosent av befolkninga bu i kommunar med egna Vinmonopol, mens 95 prosent av befolkninga vil bu nærare enn 30 km frå næraste Vinmonopol.
Ølen
Nyhendet om polutsal i Etne kjem tre år etter at styret i Vinmonopolet vedtok å etablera butikk i Ølen. Den blei etter kvart lagt til Ølen senter og opna sommaren 2010.
Frå Ølen til Etne er det rundt tolv kilometer og på vegen passerer du fylkesgrensa mellom Rogaland og Hordaland.