Trygve Birkenes fortel om den tida det var mykje tjuvfiske i Etneelva. 
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Trygve Birkenes fortel om den tida det var mykje tjuvfiske i Etneelva. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Felle mot fisk på rømmen

Nå skal rømt oppdrettsfisk stansast før den går opp i elva.

Etneelva får landets første laksefelle. Går alt som planlagt, vil installasjonen vera på plass i elva til våren, før neste års laksesesong.

Pilotprosjektet for Hardangerfjorden har denne veka blitt einige om å etablera og drifte ei fiskefelle i Etnevassdraget.

Målet er å hindra rømt fisk i å gå opp i elva. Avtalen varer fram til 1. november 2015, opplyser Jens Christian Holm, direktør på kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.

Ambisiøst mål

Avtalen som nå er inngått, går ut på å hindra oppgang av rømt fisk i det nasjonale laksevassdraget i Etne, testa ut effekten av ei oppgangsfelle, få betre kunnskap gjennom eit organisert og målretta samarbeid, og bidra til betre sameksistens mellom oppdrettsnæringen og villfiskinteressene i området.

få meir presist oversikt over innslaget av rømt fisk

— Me er ambisiøse når det gjeld kunnskapsmålet. Blant anna vil me dokumentera i kva grad ei slik felle hindrar oppgang av rømt oppdrettslaks og få meir presis oversikt over innslaget av rømt fisk, vektfordelinga av rømt fisk og kor stor del av lokale og regionale rømmingar som endar opp i elva, seier Jens Christian Holm, leiar av styringsgruppa for det nasjonale Pilotprosjektet for Hardangerfjorden.

Næringa betalar

Det er tre års diskusjon om blant anna finansiering som nå er fullført. Neste fase går ut på å fina fram til ein leverandør ned tanke på å få laksefella i funksjon til våren 2013.

Holm seier ynsket er også å få betre oversikt over villaks og sjøaure som vandrar opp i Etne-vassdraget, få meir kunnskap om feilvandring av fisk mellom elver og dokumentera helsestatus hos villfisk og oppdrettsfisk.

Fella skal i hovudsak finansierast av havbruksnæringa, men også Hordaland fylkeskommune og Fiskeridirektoratet bidrar.

Avtalepartar er: Oppdrettsnæringa i Sunnhordland-Hardanger, Hardangerfjord Villfisklag, Etne Elveigarlag, Fiskeridirektoratet, Fylkesmannen i Hordaland, Mattilsynet i Hordaland og Sogn og Fjordane

Hordaland fylkeskommune og Direktoratet for naturforvaltning

I pilotprosjektet deltar også kommunane i området, representert ved ordførarane i Odda og Tysnes.

Les meir om saka i måndagens papirutgåve/eavis av Grannar.