Politiet vart varsla om hendinga via AMK rundt klokka 08, men vil ikkje opplyse om kvinna framleis var i live då ambulansepersonellet kom til staden. Fleire andre personar var tilstade i huset til kvinna der hendinga skjedde. Kvinna er no sendt til Gades institutt for obduksjon.
Lensmann i Vindafjord, Ingvar Gjærde, opplyser at dødsfallet ikkje verkar mistenkeleg.
— Me veit ikkje kvifor ho fekk hjartestans, og ho er difor sendt til obduksjon, seier han.