Rundt 40 personar frå Heimevernet, Sivilforsvaret og Røde Kors Hjelpekorps leitte laurdag ettermiddag etter den sakna 66 år gamle Ernst Åge Johnsen som vart meldt sakna i Sauda torsdag.
— Det blir leitt i områda Sauda, Suldal og Vindafjord, opplyser operasjonsleiar Agnar Austerheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, og legg til at også Redningsskøyta Bergen Krets og fly frå ein flyklubb i Stavanger er med i søket.
— Me vil trappa noko ned etter at det har blitt mørkt, men held fram i morgon, seier han.
Den sakna skal ha køyrt av garde i sin sølvfarga 2004-modell Mercedes Benz C-klasse, og politiet gjekk laurdag føremiddag ut med bilete og kjennemerke på bilen – RJ62891. Dei ber folk som kan ha observert bilen melda frå til politiet på telefon 02800.
Søndag ettermiddag melder operasjonsleiar Austerheim at bilen til den sakna vart funne i sjøen ved Sagfossen i Sauda klokka 11.30 søndag.
— Dykkarar er på plass og bilen vil bli heva om kort tid, skriv han i politiloggen.
Politiet kan stadfesta at det er ein person i bilen.