Skal lokka tyskarar

Nesheimtunet i Vats får ein unik sjanse til å visa seg fram på gigantmessa Grüne Woche i Berlin.

Elisabeth og Bjørn Steinar Nesheim er plukka ut til å vera med å promotera Fjord-Norge på den gigantiske Grüne Woche i Berlin.

Med smaken av Fjord-Norge skal handplukka representantar frå dei fire vestlandsfylka lokka fleire tyske turistar til Noreg. Førebuingane til neste års Grüne Woche i Berlin er godt i gang. Ekteparet Nesheim frå Vats står bak eitt av fire føretak som skal repesentera Rogaland.

— På ein skala frå éin til ti er dette full score – ja, ein innertiar, seier Elisabeth Kallevik Nesheim til Grannar.

60 matministrar

Ekteparet som driv Nesheimetunet i Nedre Vats, er plukka ut av Landbruksdirektøren i Rogaland. Elisabeth og Bjørn Steinar Nesheim markerer seg på ulikt vis, og er i denne samanhengen godt eigna som marknadsførarar av norske reiselivsprodukt med sin utadvendte veremåte.

Noreg er med på gigantmessa Grüne Woche for 26. gong. Dette er rekna som kanskje verdas viktigaste forbrukarmesse for gardbruk, mat og internasjonalt reiseliv. Arrangementet som går frå 18. til 27. januar, 2013 samlar bransjefolk og landbruksministrar frå 60 land, og har mellom 400.000 og 500.000 besøkande.

— Både Steinar og eg vil nok ta med bunaden og stilla i finstasen under opninga første dag. Dette gler me oss stort til. Me skal promotera hjortekjøt og kanskje andre lokale produkt, og har blant anna lyst å ha med oss smakbitar frå Vikedal Gardsmat og Skakke Foredling i Etne, seier Elisabeth Kallevik Nesheim.

Solid lag

Det er Landbruks- og matdepartementet som står bak den norske satsinga i eit nært samarbeid med Innovasjon Norge og den norske ambassaden i Berlin.

Noreg stiller med eit sterkt lag med representantar frå alle vestlandsfylka, inkludert fleire kokkar. Prosjektleiar Åse Hodne Hørsdal ser fram til at Fjord Norge skal vera gode norske reiselivsambassadørar på gigantmessa.

— Me skal møte tyskarane med produkt i skjeringspunktet mellom stolte landbrukstradisjonar, innovativ matproduksjon og reiselivsopplevingar i verdsklasse, seier Hørsdal.

Tida vil visa om skrei frå Kristiansund, geitost frå Undredal, økologisk kalkun frå Kvam, rabarbrasaft frå Nærbø eller kanskje hjort frå Vindafjord får endå fleire tyskarar til å feriera på Vestlandet. Meir enn tidlegare skal nordmennene denne gongen også promotera nasjonale turistvegar.

Slagplan

I Nedre Vats er ekteparet i ferd med å bygga opp eit flott og tradisjonsrikt tun med selskapslokale for turistar og lokale gjester. Nesheimtunet består av Oldermorhuset, Gamleløå og lavvoar.

— 22. januar i år stara me med å restaurera den gamle løa, og sjølv om me ikkje blir ferdige før mot slutten av året, har me alt hatt fire bryllaup og mange festar her, seier Elisabeth Kallvik Nesheim.

Ho trur at deltakinga vil gi gode ringverknader både for Nerheimtunet og anna lokal mattradisjon og reiselivsprodukt.

— Me skal legga ein god slagplan for å marknadsføra oss på ein synleg og verknadsfull måte, seier den sprudlande Vats-dama som trur dette blir først gong Haugalandet er representert på Grüne Woche.

Som 25 fotballbanar

På den 365 kvadratmeter store standen i eit hallområde tilsvarande 25 fotballbanar, blir det 18 utstillarar frå Vestlandet som har både matspesialitetar og opplevingar i bagasjen.

Fire føretaka frå Rogaland er plukka ut til å delta. I tillegg til Nesheimtunet er dette Mikals Laks i Hjelmeland, Jæren Hotell på Bryne og Köhler-Paviljongen på Nærbø.