Klokka 09.00 laurdag morgon fekk politiet melding om innbrot og tjuveri av tobbakk/sigarettar frå Olav Heggen Kolonial i Ølen.
Operasjonsleiar Agnar Austerheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at eit vindauge er brote opp, og at det i tillegg til tobakksvarer er stole eit mindre pengebeløp frå kasseapparatet.
Politiet har gjennomført undersøkingar på åstaden.