Det ekstreme nedbørvarselet for helga slo ikkje heilt tid, men vått blei det likevel. Ved Meteorologisk institutt sin målestasjon i Nedre Vats blei det sundag 30. desember målt 62,4 mm nedbør. Berre 10. november blei det målt meir nedbør i 2012 (65,4 mm).
I NVE sitt varsel fram til 3. januar er det forventa framleis stor vassføring i vassdraga på Vestlandet, men minkande tysdag. Mildvêr og regn kan føra til enkelte lokale flaumar dersom snø eller is tettar sluker og andre avløpsvegar.
1. nyttårsdag blir vêret lettare og det er håp om ein solglytt, medan resten av den første veka i 2013 blir regntung med temperaturar på mellom fem og åtte plussgrader. Mest nedbør kjem torsdag med ein prognose på 20 mm.