Det bles kraftig storm i Stordalen, noko som har ført til at Europavegen i morgontimane laurdag vart stengt for trafikk. Foto: lesarbilete.
Det bles kraftig storm i Stordalen, noko som har ført til at Europavegen i morgontimane laurdag vart stengt for trafikk. Foto: lesarbilete.

E134 open igjen mot Stordalen

Lokal omkøyring for personbiltrafikken på fylkesveg 37 ved Grindheim laurdag føremiddag.

Den sterke vinden førte til at fleire trer i den store granskogen før Stordalsvatnet fall ned i vegbana, og fleire stod i ferd med å gjere det samme. Vegen ved Grindheim var stengt frå klokka 08.55, opplysar vaktoperatør i Statens vegvesen, Ove Amundsen.

Både politi og mannskap frå vegvesenet var på staden, men slik vinden herja vart det vurdert til å vere for farleg å sende dei inn i skogen. Personbiltrafikken som kjem austfrå vart dirigert om fylkesveg 37 ved Grindheim og via Sørbygda. Tungtrafikken måtte vente til europavegen vart opna igjen.

I tillegg har ei kraftlinje blese ned ved Håland, men dette skal vere i orden igjen no.

Også fleire andre stader i Etne har blitt råka av den sterke vinden, og fleire nedblesne trer har blokkert vegen, blant anna på gamlevegen mot Skånevik.