Chris Jespersen måtte sleppa på slutten under sundagens verdscupløp i Canada.. Arkivfoto
Chris Jespersen måtte sleppa på slutten under sundagens verdscupløp i Canada.. Arkivfoto

Fekk det tungt på slutten

Chris Jespersen på 16. plass.

Fredag greidde han åttande plass i 15 km klassisk under verdscupen på ski i Canmore, Canada. Sundag gjorde Chris Jespersen nok eit godt løp, men kom litt lenger nede på resultatlista under 30-kilometer duathlon.

Chris Jespersen greidde seg svært godt dei første 15 km som gjekk i klassisk stil, og var med i den 23 mann store tetgruppa ved skibytte etter halvgått løp.

Etter første runde i fri teknikk, var Jespersen oppe på fjerde plass. Russiske Belov og Babikov, Canada leia. På runde to samla tetfeltet seg igjen etter at to russarar hadde forsert i siste del av klassisk.

Ved passering andre runde hang Jespersen framleis svært godt med (nr 13). Og ved passering siste runde var skåneviksbuen med i tetfeltet som talde 18 løparar, fem av desse nordmenn.

Petter Eiliassen, som representerer Byåsen som Jespersen, prøvde å stikka av på siste runde og fekk eit lite forsprang, men blei henta inn. Jespersen blei hekta av i tempoauken og enda på 16. plass.

Beste nordmann blei Sjur Røthe frå Voss på tredjeplass.

Ein del av dei beste langrennsløparane stod over verdscupen i Canmore.