Frontkollisjon i Ølensvåg

Politiet fekk måndag klokka 17.46 melding om at det var skjedd eit trafikkuhell på E134 i Ølensvåg, like ved Berge Sag. To bilar frontkolliderte då den eine bilen, som var under slep, kom over i motgåande køyrefelt. dei to personane i bilane fekk berre minimale skadar og vart sendte til legevakta.

— Førebels veit me ikkje kvifor bilen kom over i det andre køyrefeltet, opplyser lensmann Ingvar Gjærde.

Vegen vart delvis sperra etter hendinga, men det var likevel mogeleg å passera ulykkesstaden.