Fartskontrollen sundag kveld viser at mange heldt stor fart på veg heim frå helgetur. I alt tolv bilførarar blei tatt med for høg fart i 80-sona på E134, Liaheia i Skjold.
Høgast fart blei målt til 120 km i timen. Sjåføren i denne bilen fekk førarkortet inndrege. Elleve andre bilistar fekk forenkla førelegg, melder politiet.
Kontrollen i regi av UP blei halde mellom kl 17.00 og 19.30.