Ølen betong har signert kontrakt med entrepenørselskapet MARTI IAV på leveransar av 50.000 kvadratmeter betongelement til ein jernbanetunnel i Snekkestadentreprisen på Vestfoldbanen i Holmestrand. Elementa blir produsert på fabrikken i Mølstrevåg i Sveio og produksjonen startar opp tidleg i januar, men leveransane først startar i september og vil halda fram til mars 2014.
Løysinga som har gjort elementfabrikken i Sveio til ei av dei største i Europa innan vass- brann og frostsikring av samferdsletunnelar, er utforma som bua betongelement som blir montert som heilt hvelv innvendig i tunnelane. I pakken inngår både prefabrikkerte fundament, veggelement og takelement.