Éin time over midnatt natt til onsdag stakk ein bil av frå ein politipatrulje på E134 i Etne stor fart austover for å unngå kontroll.
Like før kl 02.00 blir det via operasjonssentralen i Bergen meldt om trafikkuhell på Vintertun i Odda med same bil involvert, og at køyretøyet var forlate. Like etter pågreip politiet to personar i 40- og 50-årsalderen som hadde fått haik i ein vestgåande bil. Begge er mistenkte for å ha ført bilen som stakk frå politiet, men nektar forholdet, opplyser operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.