Westcon-gruppa i Ølensvåg har inngått ein intensjonsavtale om kjøp av alle aksjar i skipsverftet STX Norway Florø AS og STX Norway Design Florø AS. Det skriv Westcon på si eiga heimeside.
— Dette vil kunna skapa nye, spennande muligheiter for våre kundar og for dei som arbeider for og med Westcon. I tillegg til å utvida Westcon si verksemd innanfor skipssektoren, ser me muligheita for vesentlege synergiar gjennom å samle selskapa, seier Arne Birkeland, viseadministrerande direktør i Westcon Group.
Birkeland understreker at det ikkje føreligg nokon bindande avtale. Han viser til at den potensielle handelen vil kunne gi mulige synergiar både innanfor rigg- og skipsverksemda.
— I tillegg til å samla høg etterspurt kompetanse i selskapa, vil tilgangen til ein større dokk, eit moderne anlegg og ei attraktiv geografisk plassering styrka vår posisjon i marknaden, seier Birkeland.
Over hundre tilsette
STX Norway Florø AS i Sogn og Fjordane har nærare 120 tilsette og omsette i fjor for 189 millionar kroner. Selskapet har hatt raude tal dei siste åra og resultatet før skatt var i 2011 på minus 3,2 millionar. Soliditeten er derimot svært god med ein eigenkapitaldel på 74,2 prosent, ifylgje det siste rekneskapen.
Selskapet er eit heileigd dotterselskap av STX Europe AS og driv med bygging og ombygging av skip. Det er ei dag rundt 600 personar i arbeid ved verftet.
Opsjonen om kjøp omfattar også STX Norway Design Florø AS som er ein del av same konsern. Selskapet med 16 tilsette driv med design av nye skip og ombyggingar av skip.