Har nest mest vekst i landet

Det kjem fram i Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) si årlege måling, det såkalla NæringsNM, som ser på næringsutviklinga i fylker, regionar og kommunar.  Berre Åfjord i Sør-Trøndelag kan vise til sterkare veksttal i løpet av fjoråret når det kjem til kommunenivået. Kommunane blir konkret målt på følgjande innanfor denne kategorien; talet på føretak med omsettingsvekst høgare enn prisstigninga (KPI), talet på føretak med realvekst justert for effekten av bransjestrukturen og talet på føretak med vekst i verdiskapinga. Vindafjord hoppar fram til sølvplassering frå 13. plass i fjor, men kan ikkje vise til like god plassering i dei andre kategoriane som gjelder nyetableringar, lønnsemd og storleik på næringslivet.

Samla endar Vindafjord likevel på ein 76. plass blant alle kommunane i landet, noko som er ein oppgang på heile 126 plassar frå 2011. Frå 2001 har kommunen gått fram imponerande 251 plasseringar.