Skaper flest reaksjonar

Språkrådet har ikkje sansen for Saudavegen, og vil heller ha eit lokalt namn frå Vindafjord. Men prosjektleiar Berit Hetland går i kompaniskap med Sauda for å finne løysinga.

Forslaget til namn på fylkesvegane i Vindafjord har vore kjende ei stund, og det er fylkesveg 46 mellom Knapphus og Imsland som skapar størst engasjement.

Forslaget er Saudavegen, men til og med Språkrådet har innvendingar og vil heller at vegstrekninga på «baksida» i Vindafjord skal heite Vindafjordvegen, etter namnet på fjorden.

Går i allianse

Men Stadnamntenesta på Vestlandet (Språkrådet) har ikkje veto, og prosjektleiar for adresseringsprosjektet i Vindafjord, Berit Hetland,  meiner det er gode grunnar til å stå fast på at vegen frå Vats, gjennom Sandeid og Vikedal til grensa til Suldal, skal heite Saudavegen.

Ho går i allianse med Sauda og Suldal for å gi Saudavegen større legitimitet. Kommunane skal diskutere namn på fylkesvegen som går vidare frå kommunegrensa til Vindafjord.

Ankepunktet frå Språkrådet er at heller ikkje Sauda kallar fylkesveg 46 for Saudavegen, men Ropeidvegen. Dermed vil Saudavegen gjennom Vindafjord slutte i Vindafjord, og det er det ingen logikk i, meiner Språkrådet som heller vil ha Vindafjordvegen, eller alternativt Imslandsvegen på den nest største trafikkåra i Vindafjord etter E134.

I dag er det berre ein stubb på sommarvegen mellom Sauda og Røldal som heiter Saudavegen.

«Alle» seier Sauda

— Språkrådet har eit poeng, og difor skal vi ha eit møte med Sauda og Suldal. Sidan det ikkje er adressering med gatenummer på Ropeidvegen i dag, er det ganske enkelt for Sauda og Suldal å døype den om til Saudavegen. Det blir ei god løysing dersom heile strekninga frå Knapphus til Sauda blir kalla Saudavegen, seier Hetland.

Ho har ryggdekning for at vegen skal heite Saudavegen sidan både prosjektgruppa og politikarane har godkjent dette namnet. Men poenget med høyringsrunden er også å lytte til andre.

— Vi har sagt at det lokale namnet ikkje er det viktigaste, men at det fungerer godt i adresseringa når folk skal finne fram til gateadressene. I dag brukar mange Sauda for å forklare kor fylkesveg 46 går. Alle snakkar om å ta av til Sauda, og andre namn trur eg kan gi feil assosiasjonar, meiner prosjektleiaren.

Fleire forslag

Uavhengig av om Saudavegen blir namnet heilt til Sauda eller ikkje, er det fleire instansar og privatpersonar som går for andre namn. I tillegg til Vindafjordvegen og Imslandsvegen som andre har lansert, har grendeutvalet i Vikedal føreslått at fylkesveg 46 skal heite Indre Ryfylkeveg.

Første etappe i å skaffe gateadresser i Vindafjord er å gi fylkesvegane namn. Dei aller fleste av dei 18 fylkesvegane i Vindafjord passerer som gode namn. Her er innspela om endringar:

• Forslaget Hålandsvegen i Sandeid som går frå fylkesveg 46 og opp til Høykvam, meiner fleire bør heite Høykvamvegen.

• Vats grendeutval meiner Blikravegen bør heite Blikrabygdvegen, og forslaget Tørsdalsvegen bør endrast til Tørresdalsvegen.

• Forslaget Movegen i Vikedalsvegen bør heite Låkafossvegen, meiner grendeutvalet i Vikedal.

• Språkrådet vil ha s-genetiv for Tørsdalsvegen, Ølmedalsvegen, Fjellgardsvegen, Eikelandsvegen og Helgelandsvegen.

Fylkesvegane skal opp til politisk behandling igjen i februar. Arbeidet med sidevegane og byggjefelta blir neste etappe med namneforslag. Der ventar prosjektleiar Berit Hetland endå større engasjement.

Les meir i dagens papirutgåve eller Grannar si e-avis.