Chris Jespersen klar for helgas verdscup der han også kan kvalifisera seg til VM seinare i vinter.
 Arkivfoto
Chris Jespersen klar for helgas verdscup der han også kan kvalifisera seg til VM seinare i vinter. Arkivfoto

Slaktar VM-vrakinga

Chris André Jespersen (29) rasar mot landslagleiinga.

Ein bitter Jespersen totalslaktar VM-uttaket og meiner landslagsløparane får fordeler. Det er TV2 som melder dette etter å ha snakka med skåneviksbuen etter helgas NM på ski som resulterte i at han ikkje blei tatt ut i den norske troppen til versmeisterskapen.

Jespersen som har meldt overgang frå Byåsen til Odda-klubben Korlevoll og går for eit privat team, seier til tv-kanalen at han vil slå av tv-en dersom Petter Eliassen eller Tord Asle Gjerdalen får gå 15 km skøyting i VM.

God sesongstart

29-åringen vann opningsrennet på Beitostølen i 15 km klassisk og viste fleire solide internasjonale prestasjonar tidleg i sesongen. Desse resultata meiner Jespersen burde kvalifisera han til VM-laget.

— Hadde det stått Noreg på drakta min, så hadde eg vore med, seier Jespersen og siktar til at han har stått utanfor landslaget. Han meiner å ha prestert betre enn Eliassen og Gjerdalen i sesongen som er med i troppen.

Skjønar Jespersen

Landslagssjef Vidar Løfshus forsvarar uttaket av Eliassen.

— Han er ein slugger på 5-mila. I tillegg har han bevist at han handterer meisterskap veldig bra.

Løfshus skjønar at Jespersen er frustrert over uttaket, og innrømmer at Eliassen drar fordel av å vera landslagsløpar, men meiner likevel at Jespersen ikkje kan skulda på andre enn seg sjølv.

Korlevoll-løparen var uheldig med sjukdom tidleg i januar og var ikkje i toppslag under NM. Sjølv meiner han at forma var i betring og at han burde fått sjansen i VM.

— Kompisgjeng

Jespersen er ikkje vidare imponert over landslagsleiinga.

— Det er ein kompisgjeng. Eg synest det er fleire som fortener ein fair sjanse til å koma til VM, deriblant Anders Aukland. Han vann Skandinavisk Cup på Sjusjøen og har ikkje fått sjanse til å prøva seg i verdscup etterpå, seier Jespersen i intervjuet med TV2.

Løfshus avviser kameraderi-hintet.

— Nei, det er ikkje ein kompisgjeng som tar ut VM-troppen. Det er langrennskomiteen som gjer det endelege uttaket.

Jespersen innrømmer at VM-uttaket har gått ut over motivasjonen.

— Nå må eg berre kjempa vidare. Eg får gå langløp resten av sesongen om eg ikkje får gå noko meir, seier han.