Berge Kjell Opsal (t.v.) og Georg Opsal opplevde å mista 24 lam på innmarksbeite i sommar. Ei avføringsprøve viste at det var rundorm som hadde soge lamma tomme for blod. Foto: Anci Tinde
Berge Kjell Opsal (t.v.) og Georg Opsal opplevde å mista 24 lam på innmarksbeite i sommar. Ei avføringsprøve viste at det var rundorm som hadde soge lamma tomme for blod. Foto: Anci Tinde

Snyltarar gjorde innhogg i saueflokken

Det vanlege er å mista 2-3 lam på beite, men i fjor mista Georg Opsal 24 lam. Parasittar får skulda.

Av Anci Tinde

I sommar tok ein blodsugande rundorm livet av 24 lam på innmarksbeite hjå sauebonden Georg Opsal i Vikedal. Tapet kom som ei stor overrasking på bonden som ikkje hadde røynsle med parasitten frå tidlegare.

— Det var sjokkerande å oppleva dette. Eg er nokså fersk og har avgrensa røynsle med parasittar. Starten på sesongen såg veldig bra ut med god tilvekst, men etter kvart såg me at noko var galt, fortel Georg Opsal som òg deltok på fagmøtet i Sandeid samfunnshus.

Ukjent parasitt

Georg Opsal tok for to år sidan over ansvaret for drifta på garden til faren Berge Kjell Opsal i Vikedal. Faren hadde 45 sau i tillegg til kyr, men Georg Opsal avvikla kudrifta og satsar no berre på sau. Han har auka besetninga til oppunder 145 dyr.

Alt så greitt ut fram til i sommar og sauehaldet hjå både far og son hadde vore spart for store parasittangrep.

— Eg las om den blodsugande parasitten Haemonchus i eit blad våren 2012 og tenkte stakkars folk som slit med det der. Lite visste eg om korleis sommaren skulle verta for oss sjølv, fortel Berge Kjell Opsal som ikkje er vann til å mista meir enn eit par lam i løpet av sommaren.

Død og dårleg vekst

Sommaren starta bra på garden i Vikedal.
— I midten av juni var lamma skikkeleg fine med god tilvekst, men den 30. juni small det. Då var to lam daude og deretter døydde det fleire. I juli tenkte me at det var flåtten som hadde slått til, fortel far og son.
— Ein dag fann me tre daue lam og drog rett til Sandnes for å testa for parasittar. Det vart påvist Haemonchus.

Dei bestemde seg for å medisinera med valbazen. Eit middel dei hadde brukt i fleire år. I tre-fire veker såg alt bra ut, men så døydde det fleire lam.

— Me gjekk difor over på eit anna middel som fekk bukt med parasitten, seier Georg Opsal.

Det døydde ikkje fleire lam i løpet av seinsommaren og hausten, men han slit med dårleg storleik på mange dyr.

— Fleire dyr har hatt dårleg vekst og per i dag står det 32 lam på garden som ikkje skal verta slakta før i slutten av februar.

Vert ikkje snakka om

Berge Kjell Opsal trur årsaka til at dei vart ramma av parasitten akkurat i sommar er samansett.

— Me kan sikkert skulda noko på at fjøset er under ombygging og at medisineringa kanskje gjekk litt fort i svingane. Eg trur likevel at hovudårsaka er at me ikkje har kyr lenger. Tidlegare gjekk dei og beita ned mykje av graset før sauene kom ned frå fjellet. Då hadde dei ete opp rundormen som kryp opp i graset. No fekk heller sauene i seg alt, forklarar han.

Georg Opsal trur det er mange sauebønder som er plaga med parasittar, men at det ikkje vert snakka om.

— Sauebøndene held korta tett til brystet. Ingen ynskjer sjukdom i flokken for det er noko ein ikkje snakkar om.