Spinnglatt aktivitet

Isen som er i ferd med å leggja seg på vatn og fjord i distriktet er til glede for mange.

Av Elin B. Øvrebø og Anne Karine Stautland

Familien Isene i Søree Skogen i Skjold er blant dei som ønskjer kuldegradene velkommen. Dei har nemleg eit eige vatn som dei har stor glede av året rundt. Om sommaren er det godt og varmt å bada, og om vinteren frys det stålis lett som berre det. Alle dei tolv åra familien har budd her har dei kosa seg med skøyteis. Sidan sundag har dei snøra på seg hockeyskøytene og sust av garde.

Tysdag kunne far i huset, Martin Aeschilmann, konkludera med at isen var rundt 20 centimeter tjukk.

Barndomsnostalgi

Det er den vesle innstrøyminga av vatn som gjer at vatnet frys så fort, forklarer mor Drude Isene.

— Det er veldig kjekt når me får høve til å skeisa slik som no. Då eg vaks opp i Stavanger hadde me ein skeisebane rett i nærleiken og det var det kjekkaste eg visste. For min del kunne me gjerne hatt skeiseis heile vinteren. Eg vil heller ha det kaldt enn vått, seier ho.

Yngstedotter Dina (13) storkosar seg ute på isen med foreldra og hundane.

— Det kjennest så fritt å skli rundt på denne måten. Av og til trynar eg litt, men det toler eg. Det er kjekt når isen ligg lenge og me får mykje ekstra besøk, seier ho.

 Håper på torsk

Even Mæland sjekkar fiskeutstyret før han glir ut på den islagde fjorden for å prøva fiskelukka. Foto: Anne Karine Stautland

Også i Etne er det aktivitet på isen. Men Kjetil Heggen, Jan Terje Rafdal og Mikael Opheim skulle gjerne hatt fleire med seg på hockeybanen i båthamna i Etne sentrum.

— Det burde vore tett i tett med folk her, seier Rafdal, som kan fortelja at isen er 12 centimeter tjukk.

Litt lenger borte er Even Mæland i ferd med å gjera klart fiskeutstyret. Med seg har han ispiggar, dersom isen ikkje skulle halda.

— Eg har vore utpå kvar dag sidan sundag. Det har blitt litt lyr, men eg håper framleis på at torsken skal bita, seier han.

Utfordring

For Johannes Røgelstad og hans medarbeidarar i Johs. Røgelstad Maskin AS byr isen som har lagt seg på fjorden på nokre utfordringar. Dei er i gang med arbeidet med å laga promenade langs fjorden framfor leilegheitene som skal koma i meierigarden. Noko av arbeidet blir gjort med ei gravemaskin frå ein lekter.

— Me treng mest ikkje fortøying her, med is på alle kantar, ler han. For å få sikt til gravearbeidet som skal gjerast på fjordbotnen, sørgjer ein båt for sirkulasjon i vatnet.

— Når det er så stilt som no, forsvinn ikkje grumset i vatnet når me grev. Derfor må me laga straum i fjorden, forklarer han, og innrømmer at det er litt kaldt å arbeida ute når kvikksølvet i gradestokken kryp ned på det blå feltet.

Minimum 10 centimeter

Medan det i fleire byar blir gjennomført offentlege målingar av isen på vatnet for at folk skal vita om det er trygt, er dette ikkje tilfellet i Etne og Vindafjord.

— Å ferdast på isen er forbunde med fare. Blank stålis skal vera minimum 10 centimeter for at det skal vera trygt, medan is av litt dårlegare kvalitet må vera minst 15 centimeter tjukk, seier brannsjef i Vindafjord, Oddvar Krakk.

— Vår oppmoding er at folk må vera yttarst forsiktige, og ikkje føreta seg ting før dei har sjekka isen godt, seier han.