Lokalavisa for kommunane Etne og Vindafjord har sidan 2006 kåra årets namn, og nå ber me igjen lesarane vera med å røysta fram den personen du meiner fortener tittelen Årets namn. Fjoråret var rikt på hendingar og engasjement, og mange lokale personar har utmerka seg i ulike samanhengar.
Ein jury i redaksjonen har som vanleg nominert seks kandidatar basert på innkomne forslag med ei grunngjeving. Oppslutninga om kåringa er svært stor og mange gode forslag kom inn i desember. I nominasjonen har juryen tatt omsyn til geografi, alder og kjønn, i tillegg til det dei står for i virke og som person. Eit anna kriterium er at personen ikkje har vore med i avstemminga dei siste åra.
Dei nominerte for 2012 er: Håvard Nordtveit, Herdis Pedersen, Gisle Sellevold, Steinar Skartland, Kenneth Birkenes og Vigdis Viland.
Slik røystar du
Røystinga starter i dag og varer til og med 16. januar. Kvar person har éi stemme, og du har tre alternativ å delta på:
* SMS – tlf.nr. 452 40 119
* Epost: post@grannar.no
* Kupong til Grannar, postboks 84, 5591 Etne
Skriv kandidatnummer. Hugs også å skriva ditt eige namn. Blant alle som deltar blir det trekt ut vinnarar av to gåvekort á kr 500.
Vinnarar:
Slik har det gått tidlegare:
* 2006: Åse Handeland, Ølen
* 2007: Inger Karin Larsen Nerheim, Skånevik
* 2008: Elise Petra Bjerg Tokheim, Sandeid
* 2009: Jon Olav Velde, Vats
* 2010: Kari Johansson, Skånevik
* 2011: Gro Marit Messmer Larsen, Skjold
* 2012: ?
Presentasjon av kandidatane:
1. Håvard Nordtveit (22), Vats
Unikt fotballtalent som alt som 16-åring i 2006 drog til Arsenal. Har i løpet av fjoråret etablert seg på startellevaren til den tyske storklubben Borussia Mönchengladbach, samstundes som han fekk sitt definitive gjennombrot på det norske landslaget.
2. Herdis Pedersen (75), Vikedal
Misjonsengasjert kvinne som har vendt heim etter mange år i Afrika og Stavanger. Eit ekta ja-menneske som er aktiv i bygda og for lokalsamfunnet, blant anna som leiar i soknerådet. Er også med i diakonutval og misjonsforeining.
3. Gisle Sellevold (61), Håland/Etne
Mest kjent som engasjert medlem i IF Klypetussen, men spelar også på mange andre strenger i bygdesamfunnet. Kreativ og oppfinnsam person som i vinter har hatt suksess med kulturtiltaket «Frukost ved fjorden» på Åkrafjordtunet.
4. Steinar Skartland (54), Vikebygd
Ein motor i heimbygda ved sida av å vera lokalpolitikar der han blant anna er varaordførar og formannskapsmedlem. Den samfunnsengasjerte vikebuen driv blant anna den aktive nettsida vikebygd.org og er redaktør i soknerådsbladet Hyrdingen.
5. Kenneth Birkenes (31), Elverum (Etne)
Den utflytta etnebuen var med og trollbatt tv-publikumet i NRK-serien Ingen Grenser. Han har gjennom ein tøff personlege kamp mot kreftsjukdomen vore eit forbilde og ei motivasjonskjelde for svært mange.
6. Vigdis Viland (69), Ølen
Eldsjel i bygda som bryr seg om andre. Har spesielt lagt ned eit stort arbeid gjennom mange år i det lokale husflidslaget. Det siste året har ho stått i bresjen for Aksjon Folkeparken, som har som mål å pynta opp utafor Ølen omsorgssenter.