Jublande gjeng. Bak frå venstre: Karoline V. Kro, Cathrine Korneliussen, Martina Ramsfjell, Emelie Gjerde, Signe Aarekol, Helene Bjelland og trenar Asbjørn Aarekol. Framme f.v: Lena Litlehammer, eli Vestbø, Tordis Hjelmtveit, Marte Helgevold. Framme: Birgitte Reime.
Foto: Privat
Jublande gjeng. Bak frå venstre: Karoline V. Kro, Cathrine Korneliussen, Martina Ramsfjell, Emelie Gjerde, Signe Aarekol, Helene Bjelland og trenar Asbjørn Aarekol. Framme f.v: Lena Litlehammer, eli Vestbø, Tordis Hjelmtveit, Marte Helgevold. Framme: Birgitte Reime. Foto: Privat

Til topps i Nordsjøcupen

Ingen kunne stoppa desse fotballjentene.

Vindafjord IL sitt J 13-lag i fotball kunne sleppa jubelen laus etter å ha vunne Nordsjøcupen på Orre i helga. Totalt tolv lag, alle frå Jæren og Stavanger utanom gjestene frå Vindafjord, deltok i klassen.

Jentene gjekk vidare til kvartfinalen på målforskjel. Dermed blei det ein svært spennande semifinale og deretter finale, men laget som blir trena av Asbjørn Aarekol, stod løpet ut og kunne reisa heim frå Jæren som cupmeistrar.