To hundar er på frifot til eigarane si store fortviling. Torsdag forsvann ein hund av rasen boxer frå eigaren sin i Vikedalsdalen. Hunden hadde på seg ein kamuflasjefarga frakk og er chippa/har ID-merke.
Fredag forsvann ein liten hund, av rasen papillion, frå eigaren sin i Ølensvåg. Fargen på hunden er ein samansetning av brun, svart og kvit.
Lensmann Ingvar Gjærde håper observant publikum kjem med tips til politiet i sakene.