To skadde i trafikkuhell

Politiet fekk melding om ulukka klokka 13.34 torsdag, og operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at to bilar er involverte.

To personar er stadfesta skadde, men skadeomfanget er førebels ukjent.

— Ein av dei skadde blir transportert bort frå skadestaden med ambulanse, den andre blir frakta til sjukehus med ambulanse, opplyser Friberg.

Ulukka skal ha skjedd på fylkesveg 543 i Ølensvåg, i nærleiken av Ølen Betong.

Kva som er årsaka til ulukka er førebels ikkje kjent.