Trugande plussgrader på veg

Jarle Teigland og andre røyrleggjarar i distriktet har travle tider.

Har du ikkje førebudd huset ditt på verken kulde eller omslaget til varmare temperaturar, kan du ende opp med å gå på ein smell no.

Frå og med sundag ettermiddag er det meldt plussgrader i Grannar-distriktet. Då kan det vere greitt å ha følgt tommelfingerregelen om å ha ti varmegrader i alle rom i huset for å unngå frostskadar og vasskadar i vinterhalvåret.

Ekstremt i 2010

Spesielt nøye må du vere med romma der vassrøyra går gjennom. Ikkje minst på hytta eller dersom du eig eit hus som er bygd seinast på 1970-80-talet. Viss ikkje risikerer du både frostsprengte røyr og påfølgjande overfløyming av vatn når mildvêret sett inn. Vatn som frys til is utvidar storleiken sin med ca. ti prosent, og isen vil då sprengje ein lukka røyrleidning.

Slik kan det gå. Sprengt toalett. Foto: Gjensidige

I løpet av den uvanleg lange og kalde vinteren i 2010 erstatta forsikringsselskapet rundt 15.000 skadar, ca. 5.500 av desse skuldast frostskader. Den totale prislappen kom til slutt på 217 millionar kroner, med eit snitt på rundt 40.000 kroner per skade.

Førebels kan ikkje Gjensidige gå ut med tal for utviklinga no i 2013, men informasjonsansvarleg Arne Voll fortel at dei får inn eit aukande tal på skademeldingar for kvar dag som går. I forkant av det varsla mildvéret held forsikringsbransjen pusten og er spente på kor mange skademeldingar som vil komme inn i løpet av kommande veke.

Ikkje spar på varmen

Også lokale røyrleggjarar melder om stadig meir å gjere på området, særleg dei ti siste dagane etter at det var nokre timar med mildvêr. Til no har det gått mykje i frose vatn i røyr og sprokne røyr, fortel Jarle Teigland i Etne Rørservice, som får mellom 20 og 30 telefonar om temaet dagleg.

— Heldigvis kan mykje løysast over telefonen. Innandørs frys vatnet fordi folk har gløymt å ha på varme. Det treng ikkje vere så varmt så lenge det er varmare enn null grader og ikkje frys. Det er ikkje så smart å peise på med varme slik nokre gjer når vatnet har frose. Blir overgangen frå kald og varm temperatur for stor, sprekk røyret og då blir det overfløyming. Det gjeld å ta litt om gongen og å følgje med på korleis det går, seier den travle rørleggjaren og legg til at det ikkje har vore mange vasskader til no.

Han synest folk generelt har blitt flinkare til å følgje med. Eit faremoment er likevel at fleire skrur ned eller av varmen i husa for tidleg når temperaturen utandørs stig.

Problematisk snømangel

— Me går inn i ei skummel tid no når det blir plussgrader igjen. Det er under tininga av røyra at dei sprekk, så det gjeld å halde ein stabil temperatur der du kan. Skrur du ned varmen, slår frosten rett inn i røyra, seier Teigland, som understrekar at han synest det er givande å kunne hjelpe folk i ei slik knipe.

Vinteren i år er litt spesiell då det er kaldt, men ikkje snø. Dette er faktisk problematisk for røyra sin del. Snøen fungerer som god isolasjon mot kulda.

— No har me ikkje snø og dermed er det mykje frost i bakken ute. Kulda slår difor lettare inn mot røyra enn elles. Når temperaturen stig, sprekk røyra så det gjeld å følgje litt ekstra med. Men det er ikkje alltid det er så mykje å gjere med det viss det skulle skje noko når ein allereie har tatt dei viktige forholdsreglane, seier han, og har sett mange eksempel på sprokne røyr og utekranar i det siste.

Tinar vassleidningar

Også røyrleggjarane i Skånevik ved Johansen Rør har måtte rykke ut i det siste på grunn av frostskadar.

— Me har merka litt auke i desse sakene, men ikkje så mykje førebels. Det har ikkje vore så mange sprokne vassrøyr, men me har vore fleire stader for å tine opp vassleidningar. Eg trur mykje skuldast at folk er meir bevisste på dette i dag enn tidlegare, seier røyrleggjar Jan Audun Johansen.