At biblioteket også er blitt meir tilgjengeleg for alle, kan vera ein av årsakene.
Når Simen og Maria Mæland Dagestad skal på tur med bestemor, Brit Heggen Mæland, går gjerne turen innom biblioteket på Skakkesenteret. Der finn dei favorittplassen sin, inne i lesekroken, og ei aldri så lita stund er det lesestund som står i fokus. Biblioteket i Etne har utan tvil fått nytt liv etter at det kom inn i nye lokale for eitt år sidan.
— Ja, no er biblioteket blitt slik me har drøymt om. Lyst, god plass, lettare å finna fram, koselege sitjeplassar og mange mogelegheiter. Det er mange som fortel oss at dei set pris på vårt nye bibliotek, og det er fantastisk kjekt når heile biblioteket sydar av aktivitet, både av store og små, seier biblioteksjef Marit Rønnevik tilfreds.
På 460 kvadratmeter er arbeidskvardagen ein heilt annan enn den var i kjellaren på det gamle kulturhuset, og når det nye biblioteket kan skilta med både barneavdeling, ungdomsavdeling med god plass til gruppearbeid for elevar, krok for aviser og tidsskrifter, faglitteratur, skjønnlitteratur, lokalavdeling for Etne, stille studierom og teknisk utstyr for varierte arrangement, er det klart at mykje blir mogeleg for både dei som jobbar i biblioteket og ikkje minst for dei besøkjande. Biblioteket har blitt ein stad mange fleire legg turen innom, noko dei ferske besøkstala kan vitna om.
Mange låner bøker
I 2010 hadde biblioteket 6.424 besøkjande og året etter var det berre 5.581 personar som svinga innom. For Rønnevik må der dermed vera ei fryd å sjå at fjoråret gav heile 18.086 personar besøkande i eit eller anna ærend.
«no er biblioteket blitt slik me har drøymt om
Dei aktive boklånarane har det også blitt fleire av, for mens det i 2010 og 2011 var høvesvis 971 og 899 aktive lånarar, var det i 2012 registrert 1.332 personar som aktivt lånte bøker. Det viser sjølvsagt også igjen på utlånet av bøker, og mens det i 2010 og 2011 vart registrert 16.005 og 16.157 utlånte bøker, vart det i fjor lånt 24.552 bøker frå biblioteka i Etne. Dette er ei utvikling som bekreftar biblioteket sin plass blant innbyggjarane.
50 prosent utlånsauke
Opningstida er auka frå 22 timar i veka til 33 timar totalt for begge avdelingar både i Etne og Skånevik.
— Me har også ope på laurdagar på hovudbiblioteket, og for første gong hadde me ope sommarbibliotek både i Etne og Skånevik, seier biblioteksjefen.
Biblioteket er eit kombinasjonsbibliotek for Etne kommune og Etne vidaregåande skule, og saman med Enge skule har ein spleisa på ein felles barne- og ungdomsbibliotekar i 80 prosent stilling. Ingeborg Sørheim frå Vikedal, tiltredde stillinga tidleg i fjor haust.
— Det samla utlånet i Etne og Skånevik har ei eventyrleg auke på 50 prosent i høve til tidlegare år. Det tilsvarar eit utlån på 6,1 bok per innbyggjar og det er godt over gjennomsnittet i kommunar i Hordaland, som ligg på 5,2 bøker per lånar.
I fjor opplevde Etne bibliotek 12.000 fleire besøkjande enn året før, ein auke på over 200 prosent.
15 ulike arrangement
Ifølgje Rønnevik er det mykje som er årsak til dei gode resultata. Fine lokale og gode opningstider har gjort biblioteket til ein publikumsmagnet i Skakkesenteret. Det er godt samspel med dei andre aktivitetane på huset, som gir stor effekt då publikum nyttar seg av fleire tilbod når dei først er i huset. Biblioteket har også etablert seg som ein møteplass med arrangement for alle, og det er blitt mykje meir tilgjengeleg for eldre menneske, mellom anna frå både bustadskiping og sjukeheim.
— Både barn og ungdom er flinke til å stikka innom, og det sjølvbetente utlånssystemet har fungert svært godt. Mange nye lånarar oppdagar at biblioteket har mykje anna enn bøker, og me ser ei auke på utlån av både lydbøker og film på 66 prosent, seier Rønnevik.
I løpet av 2012, har hovudbiblioteket hatt 15 ulike arrangement, som godt etablerte forfattarbesøk og foredrag, til nye tilbod som etnequiz, dataspelturneringar, allsongkveld, forteljarinnslag, diktopplesing og temakveldar. Tre gonger i haust har det også vore arrangert familiedag, og kvar gong har det vore mellom 80 og 100 personar innom. Dette har vore innslag som har vore svært populære, og 16. mars er det duka for ny familiedag. Det er også planlagt ein sunnhordlandskveld, kan Rønnevik opplysa, men dato for den er ikkje heilt fastsett enda.
Livet på biblioteket er med andre ord yrande, og det er den beste vitamin for eit lokalsamfunn.