Del av historisk sterk vekst

Etne og Vindafjord har historisk vekst i folketalet i 2012. Det er først og fremst arbeidsinnvandring som drar veksten oppover.

Industrien i Vindafjord har tusentals gjestearbeidarar i løpet av eitt år som arbeider i ein periode og deretter reiser til heimlandet igjen. Men overflod av arbeidsplassar fører også til at mange flyttar til distriktet på meir permanent basis.

Rekordstor innflytting frå utlandet er hovudårsaka til at folketalet auka med 168 i Vindafjord og 77 i Etne i 2012. Det er ei historisk toppnotering i vekst.

Flytta etter

Begge kommunane har hatt vekst i folketalet sidan 2008, og det er ingen ny trend at nye landsmenn som flyttar til distriktet, er den vesentleg årsaka til denne veksten. Fleire av dei siste åra ville hatt nedgang i folketalet dersom det ikkje var pluss i flytterekneskapen med utlandet (sjå tabell).

Olena Kulbachna (44) og Natalija Ditmonas (43) er to av mange som har flytta til Vindafjord dei siste åra, og dei har begge jobb hos Catering Partner AS i Ølensvåg. Kulbancha er frå Kiev i Ukraina og bur på Bjoa saman med tysk ektemann som også arbeider i Ølensvåg. Ditmonas frå Litauen kom også til landet for å bu og arbeide etter at ektefellen hadde reist i førevegen.

Begge er ivrige etter å klare seg i norsk, og har ingen problem med å forstå.

— Arbeidsgivar og kommunen arrangerer gratis norskkurs og det synest eg er veldig bra, seier Kulbachna.

Lære språket

Ho er medarbeidar i kantina på Westcon Yard, medan Ditmonas arbeider med reingjering. Sistnemnde er utdanna i økonomi og jobba på kontor i heimlandet. Kulbancha har universitetsutdanning og var lærar i heimlandet i 17 år, pluss at ho har erfaring frå reklamebransjen.

— Eg er opptatt av å lære språk, sidan det er ein barriere i eit nytt land. Eg likar folk her, det er stille, ein får tid å tenkje, og naturen er fin, det set eg pris på. Maten er annleis og eg saknar den vaksne sonen min i Ukraina. Når eg kjem tilbake frå besøk der, føler eg no meir at eg kjem heim igjen til Bjoa. Det skjer ei gradvis endring, og kanskje blir eg pensjonist her, seier ho.

Begge meiner det tilfører livserfaringa noko å kome til eit nytt land, møte nye menneske og ein annan kultur.

Internasjonalt

— Naturen er ei sterk oppleving i Noreg. Her er arbeid å få, og den kanskje største forskjellen frå Litauen er at ein kan planleggje livet sitt i Noreg. Eg føler det meir trygt og stabilt, og ein tener nok til å setje litt pengar til sides til noko eg vil spare til. Ein veit at ein får ferie, og her er ikkje korrupsjon. Etter tre månader bestemte eg at eg ville bli her, fortel Ditmonas.

Dei kjem på sju nasjonalitetar som arbeider for Catering Partner i kantina og kjøkkenet: Latvia, Romania, Ukraina, Kenya, Spania, Litauen og Polen, der dei to siste nasjonane er i klart fleirtal.

Gir vekst

Arbeidsinnvandring har stor betydning for den sterke folkeveksten i Noreg dei seinare åra, og i kanskje i endå større grad i Vindafjord på grunn av store bedrifter med behov for arbeidskraft.

Innvandraroverskotet stod for 72 prosent av veksten her i landet i 2012, og det tilsvarande talet for Vindafjord er 90 prosent, og nærmare 70 prosent i Etne.

I fjor flytta det 180 personar frå utlandet til Vindafjord, medan 28 flytta ut. Det gir ein netto innflytting på 152 personar frå utlandet, og som dermed nesten er heile folkeveksten på 168 personar i fjor.

I Etne kom det 57 personar frå utlandet i fjor, og 5 flytta ut.

folketaltabell2

tabell_folketal_etne