Slik ser det ut på Olalia i dag. Foto: Friluftsrådet Vest
Slik ser det ut på Olalia i dag. Foto: Friluftsrådet Vest

Draumeforhold i Olalia

Finn fram skia!

Friluftsrådet melder om 40 cm nysnø og draumeforhold i Olalia-traktene.

— Vegen opp og parkeringsplassen på Opheim er brøyta. Det same er vegen til Helgeland frå Sandeid, opplyser Oddvin Øvernes i Friluftsrådet Vest.

Friluftsrådet startar med løypepreparering i dag, tysdag, og det same gjer Vindafjord Idrettslag i lysløypa og innover til Olalihytta.

Dette bildet frå Olalia er tatt i dag av Friluftsrådet Vest.