Kom deg ut-dagen er på søndag, og på Olalia blir det ein kjekk dag med både leik og aktivitetar
Foto: Friluftsrådet Vest
Kom deg ut-dagen er på søndag, og på Olalia blir det ein kjekk dag med både leik og aktivitetar Foto: Friluftsrådet Vest

For ein start på vinterferien

Kø i løypa mot Olalia

Mange gav blaffen i VM i skiskyting og alpin på tv, og prioriterte heller ein tur i skiløypa denne helga.

— Det blei ein fantastisk start på vinterferien. Det er lenge sidan me har sett ein slik utfart som denne helga, seier Oddvin Øvernes, dagleg leiar i Friluftsrådet Vest.

Friluftsrådet har ansvaret for dei to parkeringsplassane oppe på Opheim, og båe var relativ fulle i helga. Kor mange hundre bilar som var innom, er usikkert, men folkelivet i løypene vitna om svært god utfart.

— Det er sjeldan me opplever så bra forhold og stabilt fint vêr over fleire dagar som dette. Løypemaskinen som Vindafjord IL køyrer for oss, gjer jo at det blir ekstra bra løyper, og blir det omslaget i vêret, går me over dei igjen, seier Øvernes.

Frå Opheim og Fjellstøl kan du velja to løypetrasear til Olalia; den vanlege traseen og ei løype som går litt lenger nord. Sjølve Olalihytta med kafeteria er riven i samband med utbygging, men ny sikringshytte er komen opp, og her vil Haugesund Turistforening by på litt kioskvarer og noko varmt å drikka.

Yr.no melder og framleis flott vêr dei neste dagane, men torsdag til laurdag blir det omslag til regn, før det igjen klarnar opp og blir kjøligare.