Pengar til idrettsanlegg

Å rehabilitera grasbanen, løpebanen og grusbanen med omliggjande område ved Skånevik sentralidrettsanlegg har ein pris på nesten 2 millionar kroner. Det vart i fjor løyvd midlar frå kommunen og kompensasjonsmidlar frå fylkeskommunen, i tillegg er det søkt om spelemidlar til alle tre anlegga. Finansieringsbehovet som står att er då på i underkant av 400.000 kroner. Eit samrøystes formannskap gjekk denne veka inn for rådmannen si tilråding om at dette finansieringsbehovet, med tillegg av ein reservemargin på 155.000, blir dekt inn frå generelt disposisjonsfond. Kommunen skal òg finansiera spelemidlane fram til utbetaling ved å bruka disposisjonsfondet.

— Me ser dagleg kor elendig anlegget er. Det er viktig å gjera noko, og banen bør vera klar til sommaren, sa Anna Eriksen (Frp).

Endeleg avgjerd i saka er det kommunestyret som skal ta.