Grace (Annelin Bauge) oppsøkjer Miss Hannigan (Gro Marit Messmer Larsen) for å låna eit barneheimsbarn heim til Mr. Warbucks i jula. Annie (Emma Tjelmeland Hustoft) blir den heldige. Foto: Grethe Hopland Ravn

«Annie» for fullt hus

Det luktar suksess av UL Skjoldafjord – nok ein gong

Torsdag var det premiere på UL Skjoldafjord si framføring av musikalen «Annie» og sjeldan har ein vel sett to meir sjarmerande utgåver av Annie eller ei meir skremmande utgåve av Miss Hannigan. Emma Tjelmeland Hustoft delte rolla som Annie med Anita Øygard, og imponerte eit raust publikum i ein stappfull bygdehussal.

Gro Marit Messmer Larsen, spelte rolla som den sinte, sure og sleipe Miss Hannigan, og spelte fletta av alle kritikarar. At Larsen har eit solid skodespelartalent er sikkert, og ho strålte i rolla som den resignerte bestyrerinna.

Les meir i måndagsutgåva av Grannar