Westcon-gruppa i Ølensvåg går i allianse med Archer, eit globalt oljeserviceselskap som er spesialistar innanfor bore- og brønntenester.
Den nye samarbeidsalliansen med namn AWA, blei lansert første gong under Modifikasjonskonferansen i Stavanger denne veka. Avtalen betyr at riggeigarar og oljeselskap får eitt kontaktpunkt for framtidas store modifikasjons- og oppgraderingsprosjekt gjennom AWA – ein til nå ukjent riggallianse innan boreoperasjonar på norsk sokkel.
Det er to veletablerte aktørarar som nå har funne tonen saman. Milliardkonsernet Westcon Group i Ølensvåg treng ingen stor presentasjon lokalt. Archer med over 8.500 tilsette, har regionale basar i Nordsjøen, Midtausten, Asia, Nord-Amerika og Latin-Amerika.
Konkurransefortrinn
Konsernsjef Øystein Matre i Westcon Group er svært tilfreds med å kunna presentera dette samarbeidet.
— Westcon og Archer er to komplementære, leiande selskap som gjennom ein allianse skaper ein solid, påliteleg og kostnadseffektiv leverandør med eit tenestespekter som ingen av våre konkurrentar kan matcha, seier han.
AWA (Archer & Westcon Alliance), vil tilby integrerte tenester innanfor modifikasjon, oppgradering og avvikling av både riggar og plattformer.
— Den høge aktiviteten innan marknaden for modifikasjonar og oppgraderingar av riggar og plattformer, samt behovet for eitt, fleksibelt kontaktpunkt for større prosjekt, er bakgrunnen for alliansen. Saman kan me handtera større jobbar på alle rigg- og plattformtypar og på ein tids- og kostnadseffektiv måte og med høg kvalitet, uttaler Matre.
— Felles beste
Konsernsjefen trekkjer frem Westcon og Archers leveringsdyktigheit, kompetanse og kapasitet innanfor boreoperasjonar og utstyr som viktige fortrinn ved alliansen. Partane vil fordela arbeidet i prosjekt mellom seg der dei er best eigna, og typisk vil Archer levera ingeniørtenester og prosjektleiing, mens Westcon blant anna vil stå for konstruksjonstenester som 3D-skanning og modellering, produksjon og installasjon av utstyr og overordna prosjektkontrollsystem.
Kjetil Bjørnson, administrerande direktør i Archer slår fast at dei er
komplementære leverandørar og utfyller kvarandre på ein vakker måte. — Alt nå jobbar me tett saman med svært positive erfaringar, og me trur at ei ytterlegare integrering av samarbeidet vil vera til det felles beste og bidra til auka verdi for kundane.