Det blir ekstra tid til å kroke laksen i elva i år samanlikna med fiskeperioden i fjor der det vart dradd 156 laksar på land.
Det er eit ønske frå Vikedal elveeigarlag, og både Fylkesmannen i Rogaland og Direktoratet for naturforvaltning er innstilt på at det skal bli meir laksefiske i 2013. Det er svært få endringar i forslaget til fisketider som er sendt ut på høyring, og i Rogaland er det berre utviding i Vikedal og opning av Nordelva i Sauda som er endringane i år.
Etne som i fjor
Det er også få endringar i Hordaland, og fisket i Etneelva blir som i fjor, med to månader fiske frå 15. juni. Vikedal elveeigarlag framheva overfor Fylkesmannen at gytebestanden eg blitt god, og Berge Kjell Opsal meiner det ville vere urettferdig om ikkje fisketida blir utvida når bestanden har ei god utvikling. Elva var freda i 2010 og 2011.
Fisket i juli er også sårbart sidan elva ofte i praksis stenger seg sjølv når det er lite vatn. Fisket blir difor frå 24. juni til 7. august i år, med freda elv frå måndag til og med onsdag. Fisket blir dermed utvida med to korte veker i begge endar.
Vindafjord jakt- og fiskarlag er i dialog med grunneigarane i Åmselva med tanke på å få elva opna fisket. Målet lokalt er å opne for fiske og forvalte elva betre, mellom få oversikt over bestanden. Men Fylkesmannen meiner ein må vente til eit seinare tidspunkt med å vurdere om det skal bli fiske i elva igjen.