Med og utan promille

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt melder om ei travel natt til 1. påskedag med mykje fyll og ordensforstyrring. Frå Grannar-distriktet har politiet loggført sak om ei overstadig berusa dame som låg strekk ut i Etne, og som måtte køyrast heim av politiet.

Ein patrulje frå Vindafjord gjennomførte same natt ein promillekontroll Etne sentrum. Ti bilførarar blei kontrollerte. Det var ingen utslag.