Mista lappen

Kvar kong politiet stiller seg opp med laseren på E134 i Vats, blir det fangst. I ein UP-kontroll mellom 20.30 og 23.00 torsdag kveld aust for Knaphus blei det skrive ut 13 forenkla førelegg for brot på fartsgrensa.

I tillegg blei éin førar meldt til politiet og mista førarkortet etter å ha blitt målt til ein fart på 93 km/t i 60-sona.