Då West Alpha kom inn Ølensfjorden like før påske, var dette rigg nummer hundre inn til Westcon Yard. Riggeventyret starta for nesten 20 år sidan har ført Westcon opp og fram i den norske verftsbransjen.
I 2011 omsette det familieeigde konsernet som blei etablert 30 år tidlegare, for 4,1 milliardar kroner. Gruppa består i dag av ei rekkje selskap og anlegg, og tel totalt 1.047 tilsette.
Riggsjef Malvin Eide fortel om fortsatt god kapasitet ved verftet. Han meiner erfaringa, kompetansen og infrastrukturen til Westcon er selskapet sitt fremste fortrinn i konkurransen om ytterlegare oppdrag innan riggmodifikasjonar og vedlikehald.
— Gjennom snart 20 år med riggoppdrag har me bygt opp ein erfaren organisasjon med høg kompetanse og gjennomføringsevne. I tillegg har verftet ein infrastruktur som gjer at me effektivt løyser komplekse oppdrag for våre kundar, seier Eide og legg til:
Nye investeringar
— Prosjektorganisasjon er dedikert, samansveisa og har ein godt innarbeida HMS-kultur. Vidare kan me blant anna tilby gode kaiforhold, moderne løftekranar og tilkomsttårn, samt overnatting og bevertningsmuligheiter for eit stort tal arbeidarar.
Mange aktørar ønskjer å satsa i denne marknaden
Sidan 1994 har Westcon investert over 600 millionar i utbetring av verftet i Ølensvåg, og dei neste to åra skal det brukast ytterlegare 200 millionar i nye kundekontor og utviding av produksjonshaller og overnattingsfasilitetar. Riggsjefen forklarer at infrastrukturen til Westcon Yard også inkluderer tilgangen til høg kompetanse innanfor fleire fagfelt gjennom søsterselskap som Westcon Løfteteknikk og Westcon Power & Automation.
Kjem attende
Bustadriggen Safe Britannia var det første riggoppdraget for Westcon då den kom til Ølensvåg i april 1994. Sidan har mange av riggane som opererer på norsk sokkel segla innom Ølensfjorden, og mange har også gjort vendereis. Totalt er det arbeid på i overkant av 50 bore- og bustadriggar som utgjer dei hundre riggoppdraga. I tillegg utfører verftet arbeid på riggar offshore.
— Når riggeigarar stadig vender tilbake med sine riggar forstår me det som eit signal på at me gjer noko rett. Våre dyktige arbeidarar jobbar knallhardt med å levera i tråd med kundane sine ønske, og det er ein stor fordel når me kjenner riggen og organisasjonen godt frå tidligare oppdrag, seier Eide.
Ifølgje Westcon sine utrekningar skal til saman 76 riggar til såkalla femårsklassingar (Special Periodic Surveys) utførast fram til 2020. Malvin Eide meiner disse oppdraga vil kunna takast unna av dagens etablerte verft.
— Trass i mange oppdrag framover har me frå andre halvår i år framleis god kapasitet ved verftet. Mange aktørar ønskjer å satsa i denne marknaden, og konkurransen om oppdraga gjer at me stadig skal forbetra oss og levera høg kvalitet.