Skjærtorsdag ettermiddag, rundt kl 14.30 blei det sett i verk redningsaksjon på Kyrping i Etne etter at det kom melding om ein mann og ei jente sat fast på ei fjellhylle over bygda. Det var far og dotter som stod fast på hylla der det var stupbratt under. Dei to var del av ei turgruppe.
Éin time seinare landa eit Sea King redningshelikopter på Kyrping Camping etter å heist dei to opp og redda dei ut av situasjonen. Der blei dei møtt av ambulanse og politi.
— Helsetilstanden deira veit me ikkje noko om førebels, men me er glade for at redningsaksjonen så effektivt og raskt fekk dei to i sikkerheit, seier operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Det var bratt i området der dei to ferdast, og fjellhylla dei enda på var liten. Situasjonen framstod difor så uoversiktleg og dramatisk at hovudredningssentralen blei kopla inn.