To aktivistar forkledd som isbjørnar entra boreriggen West Hercules i dag for å markere misnøya med Statoil sitt arktiske boreprogram. Riggen skal starte med ni brønnar i Barentshavet. Foto: Nick Cobbing

Entra plattform i Ølensvåg

To Greenpeace-aktivistar klatra opp på boreriggen West Hercules hos Westcon i dag.

Forkledd som isbjørnar og med plakatar gav aktivistane klar melding om kva dei meiner om Statoil sitt omfattande arktiske boreprogram. West Hercules skal til Barensthavet når den er ferdig med oppgraderinga hos Westcon Yard i Ølensvåg.

— Statoil må la oljen lengst nord liggje. Det finst nok olje i verda til å øydeleggje klimaet fleire gonger, og då gir det ikkje meining å dra opp i arktiske farvatn for å utvinne meir, seier Truls Gullowsen, leiar i Greenpeace Norge, og ein av aktivistane som klatra opp på riggen frå sjøsida.

På oppdrag for Statoil skal West Hercules bore ni brønnar i Barentshavet. Aktivistane vart ifølgje Greenpeace tatt godt imot på riggen.