20130427-204012.jpg

Heiderleg omtale til Grannar

Heider til Grannar under kåringa av Årets lokalavis 2012.

Grannar vart laurdag kveld heidra med heiderleg omtale då prisen Årets lokalavis 2012 vart delt ut på Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Svolvær.
Juryen peiker i si grunngjeving blant anna på at Grannar er journalistisk relevant i mange saker, tydeleg redigert, bruker sitt kritiske blikk og gjev lesarane stor og variert stoffbreidd.
I kategorien Årets lokalavis 2012 var det 50 påmelde aviser. Også Våganavisa fekk heiderleg omtale, medan Hallingdølen vann prisen.

20130427-203822.jpg