Tre bilar, to lastebilar og ein personbil, var involverte då det small ved Kalstveit på europavegen måndag ettermiddag.
Bilane køyrde vestover då ulukka skjedde. Den fremste bilen skulle svinge av vegen. Bil nummer to stoppa då, men den siste bilen fekk ikkje dette med seg og køyrde i den nærmaste bilen, som så vart skjøve inn i den første bilen.
To kvinner og ein mann fekk lettare skadar i samanstøyten.