Utrykkingspolitiet sjekka fart med sivil bil i Etne og Ølen på onsdag. Farten var så stor at det også blir ein minus på rullebladet. To vart tatt på E134 i Åkrafjordtunnelen der gjennomsnittfarten vart målt til 131 og 125 km/t, opplyser lensmann Ingvar Gjærde. Grensa for at førarkortet ryk i 80-sone, er 115 km/t. Også på E134 på Dørheim i Ølen stoppa turen for ein sjåfør etter at bilen vart målt med 76 km/t i 50-sona.